Tenester / Grunnarbeid
Grunnarbeid
Grunn- og terrengarbeid for tomter og bustadfelt, frå første stikk til ferdig planert tomt.
Ring 917 16 310
Vi gravar ut for hus, garasjar og bustadfelt, legg drenering og kabelgrøfter og planerer terrenget rundt. Gravemaskinane har GPS til maskinstyring, og vi stikkar ut og reknar ut massane sjølve.
Vi har sentral godkjenning som utførande for veg- og grunnarbeid, innmåling og utstikking og landskapsutforming i tiltaksklasse 2, og kan stå som ansvarleg søkjar i tiltaksklasse 1.
Dette gjer vi
- Graving og planering av tomter og bustadfelt
- Grøfter for vatn, avlaup, straum og fiber
- Stikking og masseutrekning med GPS
- Landskapsutforming og natursteinsmuring
- Ansvarsrett i byggjesaka
Maskinar til jobben
- Gravemaskinar frå 3 til 33 tonn, dei fleste med GPS
- Hjulgravarar på 15 og 18 tonn
- Hjullastarar og valsar
- Leica- og Geomax-stikkesett
Fleire tenester
Ofte gjer vi graving, sprenging og transport i same jobben. Då har du éin å halde deg til.
917 16 310
Ring Roy Myklebust for ein uforpliktande prat om jobben, eller send oss ei melding.
Send ei melding