Om oss
Ei familiebedrift i Dale i Fjaler, med sterke røter i lokalmiljøet og over 50 år i faget.

M K Myklebust Entreprenør AS vart starta som eit personleg selskap i 1971 og omdanna til aksjeselskap i 1998. Gjennom meir enn 50 år har vi bygd opp solid kompetanse innanfor alle typar grunnarbeid. Vi held til i Dale i Fjaler og tek oppdrag i heile Vestland.
Lokalkunnskap og eit godt rykte har gjeve oss mange oppdrag gjennom tilrådingar frå nøgde kundar, noko vi set stor pris på. Målet vårt er å levere feilfritt arbeid til avtalt tid og pris. Kundane våre er privatpersonar, føretak, entreprenørar og offentlege etatar.
Dei tilsette
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi har eit stabilt og erfarent team på rundt 20 medarbeidarar, både lærlingar og erfarne fagfolk som har vore hos oss i mange år. Eit godt arbeidsmiljø og stor takhøgd gjer at dei som byrjar hos oss, ofte blir verande. Dei aller fleste av dei tidlegare lærlingane våre har blitt faste tilsette.
Miljø og framtid
Vi har eigne lager for overskotsmassar, slik at jord og stein kan brukast om att i nye prosjekt. Maskinparken stettar dagens utsleppskrav.
Kvalifikasjonar
- Sentral godkjenning for ansvarsrett etter plan- og bygningslova
- Godkjend opplæringsbedrift for anleggs- og bergverksfag (OKAB)
- Leverandør i Startbank, leverandørregisteret for bygg og anlegg
- ADK-1-sertifikat for vass- og avlaupsanlegg
- Sertifikat for bergsprengar og bergsprengingsleiar
- Medlem i MEF (Maskinentreprenørenes Forbund)
917 16 310
Ring Roy Myklebust for ein uforpliktande prat om jobben, eller send oss ei melding.
Send ei melding



